top of page
Søk

Du treng ikkje vere overalt, berre på rett plass

  • EgSerDeg null
  • 2. apr.
  • 2 min lesing

📣 Vær der målgruppa di er. Punktum.


Det høyrest enkelt ut, men i ei tid der sosiale medier fløymer over av råd, trender og algoritmar, kan det vere lett å gløyme. For plutseleg sitt ein der og kjenner på at ein burde vere på TikTok. Og på LinkedIn. Og på Instagram. Kanskje Facebook òg. For det er jo det “alle andre” gjer, ikkje sant?🙆🏽‍♀️


Men her er tingen:

Du treng ikkje vere overalt🙌🏽

Du treng berre vere på rett plass, der målgruppa di faktisk er. Og der du har kapasitet til å vere til stades🌟


1. Kvifor du ikkje treng vere på alle plattformer


Sosiale medier tek tid. Det krev både innhald og oppfølging, og det å vere aktiv på mange plattformer samtidig kan tære på både kreativiteten og overskotet.


Å vere på “alle” plattformer gjer ingen gevinst dersom du ikkje klarer å følgje opp, og det kan faktisk virke mot sin hensikt.


2. Kva betyr det å “vere der målgruppa er”?


Tenk gjennom:


  • Kven vil du nå?

  • Kva alder har dei?

  • Kva interesser har dei?

  • Kva plattformar bruker dei, og kva bruker dei det til?


Eit eksempel:

Dersom du sel handlaga produkt til kvinner 40+, er det større sjanse for at du finn dei på Facebook og Instagram enn på TikTok.


Jobbar du derimot med rådgjeving mot næringslivet, kan LinkedIn vere ein gullgruve, medan Instagram kanskje ikkje gjer like mykje tilbake.


Det handlar om å forstå korleis målgruppa di bruker tid på nettet, og kva type innhald dei ser etter.


3. Kor har du kapasitet til å vere?


Det handlar ikkje berre om målgruppa, men òg om deg.

Du skal lage innhald, svare på kommentarar, vere til stades🙆🏽‍♀️ Det er lettare å gjere det godt når du trivs med plattforma du bruker.


Så spør deg sjølv:


  • Kva type innhald likar du å lage?

  • Kva plattform kjenner du deg trygg på?

  • Kvar hentar du energi?


Eg er ikkje på alle sosiale medier, og det er heilt bevisst. Eg veit kvar målgruppa mi er, og eg veit kvar eg har kapasitet til å vere. Det gjer jobben min betre. Og kvardagen enklare!


Kvar er målgruppa di? Og kor liker du sjølv å vere?


-Eva


Comments


bottom of page