top of page

Kvifor bedrifta di bør ha Google-profil slik kjem i gang på 1-2-3

  • EgSerDeg null
  • for 18 timer siden
  • 2 min lesing

🌿 Har du Google-profil for bedrifta di?


Har du lagt merke til at nokre bedrifter dukkar opp med bilde, kart og anmeldelsar når du googlar dei, mens andre berre har ei anonym nettside?

Forskjellen heiter Google-profil, og den kan gjere mykje for kor synleg bedrifta di er på nett.

Ein Google-profil er gratis, men gjev stor effekt: du blir synleg på Google Maps, kundane finn deg raskare, og du bygg tillit med bilde og omtalar.

Eg oppretta nyleg Google-profil for Eg Ser Deg, og fekk raskt erfare kor mykje meir profesjonelt og komplett bedrifta mi framstår, og kor enkelt det eigentleg var å setja opp!


Google profil for Eg Ser Deg

💡 Kvifor Google-profil er så viktig

Når folk søker etter deg, er det ofte Google-profilen som kjem opp først, ikkje nettsida eller Facebook-sida di. Der ser dei bilde, opningstider, nettside, adresse og anmeldelsar.

Det er ofte her ein potensiell kunde bestemmer seg for om dei skal klikke vidare, eller ikkje.


Du får:

  • Eiga visning i Google Maps

  • Kontaktinformasjon og link til nettsida di

  • Moglegheit til å publisere oppdateringar og bilder

  • Anmeldingar frå kundane dine (som gjev tillit og meir synlighet)

Kort sagt: ein liten innsats for stor synlighet 🌿



🧭 Slik kjem du i gang

  1. Gå til business.google.com

  2. Logg inn med Google-kontoen din

  3. Trykk på “Legg til bedrift”

  4. Fyll inn namn, kategori og område

  5. Legg til logo, forsidebilde og kontaktinfo

  6. Verifiser bedrifta (du får sms, e-post eller brev)

Når du er ferdig, kan du legge inn bilete, skrive beskrivelse og be kundar legge igjen anmeldelser 💫


📸 Tips til bilde, tekst og omtalar:

  • Bruk lyse, ekte bilde, gjerne av deg, arbeidsplassen din, eller noko som viser stemninga i bedrifta.

  • Skriv ei kort og varm beskriving som fortel kven du er og kva du tilbyr.

  • Svar alltid på anmeldelser, det viser engasjement.

  • Hald profilen aktiv med små oppdateringar ein gong i månaden.


Google profil anmeldelser

Du er sjølvsagt velkommen til å legga inn ein anmeldelse på profilen min her, dersom eg har hjulpe deg med noko :)


💚 Bonus: Du kan faktisk poste her òg!

Mange veit ikkje at du kan lage små innlegg direkte i Google-profilen din, litt som ein mini-blogg. Perfekt for korte nyheiter, tips eller kampanjar. Det gjev ekstra liv til profilen, og Google likar aktivitet!


✨ Kom i gang i dag!

Eg veit at mange har tenkt “eg burde få gjort det der ein dag”…Men den dagen kan like gjerne vera i dag 💪🏽

Profilen tek berre nokre minutt å sette opp, og du får igjen i form av synlighet og tillit.


🟢 Treng du hjelp? Eg hjelper deg gjerne

Eg hjelper deg gjerne med å sette opp, optimalisere og legge inn tekst og bilder, slik at profilen din blir både profesjonell og ekte :)


📩 Ta kontakt her: hei@egserdeg.no


Me høyres! Eva


Google business profil, viktigheten for bedriften din

Kommentarer


bottom of page