top of page
  • EgSerDeg null

Jobb glede

I dag var første gong på 5 år eg gledde meg til å gå på jobb, på ein jobb eg har skapt heilt sjølv! Eg er ikkje ein person så har ein jobb berre for å ha ein jobb, eg må kunna gje noko, væra kreativ og ha spennande oppgåver! Når eg budde i Oslo jobbar eg innan ulike reiselivsbedrifter og trivdes godt med det :) Eg hadde tatt ein bachelor i reiseliv og relasjonsledelse så eg fekk utfordra meg innan forskjellige fagfelt, møtt masse kjekke folk og reiste rundt. Ja ein dynamisk arbeidskvardag, nett så ho likar det! Eg var reisekonsulent i eit par reisebyrå, itillegg til å rådgje kundar med drømmereisa så fekk eg reisa på studieturer og testa ut reisemål, hotell, restauranter og aktivitetar. Draumejobben- ja! Eg var òg eit år innom Radisson Blu Plaza hotell der eg fekk sjå korleis eit så stort maskineri drives, spennande seier eg! Har du tenkt over det sjølv når du er på eit hotell, at resepsjonen, frokostsalen, housekeeping og evt kurs og konferanse avdelingen må snakka sammen for å få dette til å fungera. Det er utruleg fasinerande å ha vore ein del av. Eg befant meg på møte og event avdelingen, og måtte dagleg ha kontakt med alle avdelingane på hotellet for at det skulle fungera. Å ha fornøyde gjester er alfa omega. Eg likte meg svært godt som meeting og event sales manager, ingen dag var lik og eg fekk ta del i så masse! Til og med gjort masse oppgåver utanfor komfortsona😅🙌🏽 Men det er jo slik ein vekser!

Då ferden gjekk vidare til Gjøvik for å busetta seg med hus, hage, stasjonsvogn og familie var jobbmulighetene litt meir snever. Som eg har nevnt tidligare så må ein jobb gje meg litt for at eg skal trivast. Det har eg dessverre ikkje funne her. Etter 4 år i bank var tida inne for å finna på noko anna å gjera, gjera noko så gjere meg glad. Eg tenkte i mange år at folk var så heldige så var skikkelig gode på noko og kunne ha drømme jobben eller skapa den sjølv. For 6 år sia fekk eg tips frå ei venninna at eg kunne begynne å blogga, kva skulle eg blogga om? Tankane begynte å svirra, Snikkarfrue, ja det kunne eg jo vera sia eg er gift med ein snakkar. Men kva skulle eg blogga om? Eg ville jo ha eit innhald, ikkje skriva om svada... Eg la den tanken ifrå meg, men etter nokon år tok eg den opptatt og tenkte at eg er fryktelig glad i å reisa og å ta bilde. hmmmm det er jo mange reisebloggarar der ute, eg kan jo vera ein av dei. Så eg opna ein reisekonto på instagram: @reisermedglede, som blei både Facebook profil og blogg: www.reisermedglede.no , ja guriamalla så masse kjekt eg har hatt med reisebloggen, og så mange eventyr eg har vore på, både åleina, med familien, med venner og med likesinna reisebloggera 😁

Det har naturligvis blitt nokon timar på instagram med å legga ut bilder, laga reels, fulgt med på trender, ja me har fått eit lite samfunn der inne. Eg storkosar meg der inne 😍 Eg har tatt nokon kurs i sosial markedsføring, eit semester med prosjektledelse og lært masse på egenhand, og utifrå det har eg utvikla Eg ser deg. Ei digital markedsføringstjeneste der eg skal hjelpa bedrifter med synlighet på nett og digital markedsføring. Eg ser kor viktig synlighet på nettet er no til dags, for å få salg, skapa tillit og vera der det skjer. Du veit, me lever i ein digital verden no, og det meste foregår på nett. Det så er viktig i min jobb er å vera på nett med kunden, jobba utifrå kunden sine behov, ønsker og det som er mulig for den.


Det eg kan hjelpa bedrifter med er alt ifrå å laga ei nettside, laga ein strategi for sosiale medier, vera ein sparringspartner, komma med innspel til branding; logo, oppsett, fargar ol. Tillegg kan eg vera bedriftas virtuelle assistent der eg hjelper med e-post handtering, booking, møtereferat, oppdatering av nettside ol. Det er berre å ta kontakt så finner me ut av kva eg kan hjelpa deg og di bedrift med. Og du, husk at EG SER DEG!


Eg håpar me snakkast :)



195 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page