top of page

Influensermarkedsføring som funker, mine tips til bedrifter som vil bli synlige

  • EgSerDeg null
  • 10. juni
  • 4 min lesing

Oppdatert: 11. juni

Influensermarkedsføring er ikkje berre noko for store merkevarer med store budsjett. Òg små og mellomstore bedrifter kan få mykje igjen for å samarbeide med ein relevant profil, på ein måte som kjennes ekte og treffer målgruppa. Her deler eg mine beste tips med deg:


Eg har sjølv jobba med influensermarkedsføring i fleire år gjennom reisebloggen min Reiser med Glede, ta gjerne ein kikk på samarbeida her. I dette innlegget deler eg mine erfaringar, tips og konkrete døme på kva slike samarbeid faktisk kan gi ein bedrift.

Enten du er nysgjerrig på å teste ut influensermarkedsføring, eller berre vil forstå meir om kva det faktisk innebær, her er mine beste råd.

Kva er influensermarkedsføring, og kvifor fungerer det?


Influensermarkedsføring handlar enkelt sagt om at ein person med synlighet og tillit i sosiale medium anbefaler ei teneste, eit produkt eller ein oppleving, ofte gjennom eiga plattform, som sosiale medier eller blogg.

Grunnen til at det fungerer, er enkel: Me stolar på folk me kjenner, eller føler me kjenner. Når ein influenser deler noko dei oppriktig likar, blir det meir som ei personleg anbefaling enn ei reklame.

For bedrifta betyr det at bodskapen kan nå ut til ei heilt konkret målgruppe, ofte med betre treff og meir engasjement enn ved tradisjonell annonsering. Det handlar ikkje om å nå "alle", men å nå rett folk med ei anbefaling som opplevast ekte.


Eg hadde eit samarbeid med Vøringfoss hotell og aktørar i Eidfjord og eg har fått fleire tilbakemeldingar frå folk som har prøvd tipsa mine der, og det er stas :)


Mine erfaringar med influensermarkedsføring

Eg har sjølv samarbeidd med ei rekke bedrifter gjennom reisebloggen og Instagram-kontoen min Reiser med Glede. Nokre gonger er det overnatting, aktivitetar eller produkt, andre gonger er det kampanjar der målet er å visa fram ein destinasjon eller ei oppleving.

Felles for alle samarbeid eg seier ja til, er at dei må kjennast relevante for målgruppa mi.


Slik jobbar eg når eg gjere samarbeid:

Før: Eg brukar tid på å forstå kva bedrifta vil oppnå, og kva som er viktig å få fram.

Under: Eg skapar innhald som passar både inn hos meg og for partnaren, ofte med ein kombinasjon av story, post, reel og blogginnlegg.

Etter: Eg sender tilbakemelding, og evaluerer kva som fungerte godt.


🎯 Nokre gongar har eit samarbeid ført til konkrete bestillingar eller bookingar allereie dagen etter publisering. Eg har fått tilbakemeldingar som:“Fekk fleire nye følgarar som sa dei fant oss via deg!”eller“Me fekk bestillingar i helga takka vera storyane dine.”og det er alltid like stas!

Når eg hadde samarbeid med Örebro så kom faktisk SVT og intervjua oss ang influensermarkedsføring, det er jo veldig kult at byen satsar på det😄

Her er eit par aktørar eg har har hatt influensersamarbeid med:


Fordelar for bedrifter som vil samarbeida med ein influenser

Å samarbeida med ein influenser kan gje mykje meir enn eit «fint bilde» i feeden. Her er nokre konkrete fordelar for deg som driv bedrift:

🔹 Du når rett målgruppe: Ein god influencer har ofte ein tydeleg profil og ei følgargruppe som stolar på dei. Det betyr at bodskapen din ikkje forsvinn i mengda.

🔹 Du får autentisk marknadsføring: Når nokon anbefaler deg med eigne ord og erfaringar, opplevast det meir ekte enn betalt annonsering.

🔹 Du får innhald du kan bruka vidare: Bilete, reels eller tekstar kan ofte delast vidare i dine eigne kanalar (avtales på førehand!).

🔹 Du styrkar merkevara: Fleire får kjennskap til kven du er, kva du tilbyr, og kva du står for.

🔹 Det treng ikkje kosta mykje: Mange tenker at dette berre er for dei store bedriftene, men det stemmer ikkje. Eit godt samarbeid kan tilpassast budsjett, mål og sesong.

Os: husk alltid å merk eit samarbeid med Reklame eller annonse, det er dei einast to godkjente orda.


Eg var nylig på ein tur til Kenya som eg blei invitert av ein aktør der nede, og eg hadde ein kjempe flott opplevelse, der eg fekk formidla korleis det er å reisa på safari. Detta samarbeidet skapa stort engasjement på sosiale medier og eg har fått mange henvendelser frå folk som blei frista til å prøva denna type reisa.


Klar for å prøva? Her er mitt beste råd

Om du vurderer å samarbeida med ein influenser, er mitt beste tips å finna ein profil som:

✔️ Har eit publikum som liknar din målgruppe

✔️ Har ekte engasjement, ikkje berre mange følgarar

✔️ Har ein stil og tone som passar med bedrifta di

Våg å spørja, og start gjerne med eit lite samarbeid. Det er viktig med open dialog og gjensidig forståing for kva de ønskjer å få ut av det.


Her kan du lesa ein tilbakemelding eg fekk ifrå ein aktør eg hadde samarbeid med i fjor🤓


Kanskje nettopp di bedrift kunne tenka seg å samarbeida med meg og reisebloggen min? Send meg gjerne ein mail på info@reisermedglede.no eller ta ein kikk på Reiser med glede

Eg blir veldig glad for å høyra ifrå deg og håpar me kan laga eit godt samarbeid saman :)


Helsing Eva


Comments


bottom of page