top of page
EgSerDeg null

Min utfyllande CV

Mange eg snakkar med undrar seg kva bakgrunn eg har sia eg har starta mi eiga synlighetsbedrift, Eg ser deg😊 Eg er ikkje typen så sitter år ut og år inn på skulebenken, eg må ut i felten å gjera det praktiska! Ja teori er viktig, men ein god miks tenker eg passar meg godt 😊


Som mange veit er eg svært glad i å reisa, så etter gymnaset (som det heit i si tid) satt eg kursen over til storbyen Oslo for å ta Bachelor i Reiseliv og relasjonsledelse ved det så då heit Norsk Reiselivshøyskole og no i seinare til Høyskolen Kristiania😎 Etter mange år i reiselivsbedrifter i heimbygda Strandebarm og nabo tettstadane, visste eg at service og reiseliv var mitt felt. På Norsk Reiselivshøgskole lokka dei med eit semester i Sevilla, Spania (forøvrig Spanias vakraste by i mine auger). Detta var eit opphald så eg vaks masse på, å reisa til eit anna land som 21 åring gav meg masse erfaring og opplevingar. Faga på Norsk Reiselivshøyskole var spennande og innanfor masse av dei jobbane eg har hatt oppover😄


Etter Bacheloren jobba eg i forskjellige reiselivsbedrifter i Oslo; reisebyrå, resepsjon, innsjekk på Gardermoen, konferanseavdelingen på Plaza, ja til og med kjøttbolleteljar på IKEA😅Eg fekk heile 5 år i ein herlig barnehage, der eg hadde god relasjon med barna, fekk ansvar og var stefortredar for avdelingsledar. Så allsidig arbeidserfaring har eg fått med meg 😄 I desse jobbane vaks eg masse og såg at service og markedsføring var dei feltene eg brant meg merke i og ønskte å jobba meir med. Eg fekk ansvar for markedsføring i reisebyrået blant anna. Itillegg til faglig utvikling, utvikla eg meg sosialt, blei meir utadvent og nyskjerrig. Det er jo to viktige egenskapar å ta med seg inn i mi nåværende bedrift🙌🏽

Eg huskar godt sista året på Bacheloren når me hadde innovasjon og entreprenørskap at me lærte om å driva eiga bedrift, korleis ein kan gå fram, kva ein bør tenka på, setta opp framdriftsplan mm. Detta har eg hatt med meg i tankegangen vidare i arbeidslivet. Eg måtte berre finna ut kva eg skulle gjera. Eg er vakse opp i ein familie med mange er gründera som har passion for det dei drive med, så eg har nok fått med meg masse driv ifrå dei familiemedlemmane😄 Itillegg skreiv eg Bacheloroppgava om korleis ansattes trivsel og arbeidsforhald påvirka servicen og tilfredsheten til kundane. Så eg kan vel sei eg er litt servicepoliti når eg er ute på noko ;)


Etter eg flytta til Gjøvik blei reiselivsmulighetane litt begrensa, men eg måtte jo gjera det besta utav den jobben eg hadde fått i bank🙌🏽 Så eg var med å arrangerte event, kundekveldar og ringekveldar. Eg har alltid likt å arrangera og vera kreativ, itillegg var det ein bet markedsføring der òg. Men jobben å sitta 8 timar på telefon og låsa opp kodebrikker dag ut og inn var ikkje nok for meg, eg måtte komma meg vidare, eg hadde så mykje meir å gje! For meg er ikkje ein jobb ein ting eg har berre for å tjena pengar, eg måtte trivast òg. Etter 4 år sa eg opp ein trygg jobb i den største banken med gode lønningar, gode pensjonsordningar og ordna forhold, til fordel for å starta for meg sjølv, noko så var og er ein utrygg situasjon. Men med riktig innstilling, ein god dose guts og eit godt støtteapparat så sitter eg her med mi eiga bedrift og kunne ikkje trivast bedre! Eg må berre sei at fleksibiliteten eg har med familielivet og reising er heilt topp! Eg kan følga til barnehagen, henta dei og ha middagen ferdig! På den måten har ikkje me den stressande kvardagen som mange andre har. Det er no barna er små og det er den tida som ein må ta vare på å gjera best mulig utav🥰Samt kunna vera aktiv og ta vare på helsa uten å måtta gjera det etter leggetid til ungane er heilt topp!

I perioden frå eg sa opp jobben i bank til bedrifta var ferdig utvikla så tok eg studier og kurs som er tilpassa det eg drive med no; markedsføring og synlighet på nett. Eg reiste til Trondheim og tok kurs i Markedsføring, der eg fekk kontakter som gav meg eit oppdrag innan reiseliv og salg. Ja nettverk er så viktig! I vinter tok eg prosjektledelse på INN, som er meget relevant for å laga strategi og innhaldsplan for bedrifters sosiale medier. Itillegg har eg deltatt på webinar innen markedsføring og personlig utvikling, samt er eg med i eit nettverk for grundere😄 Så eg likar å fylla på og utvikla meg!



I denna perioden oppretta eg òg reisebloggen min www.reisermedglede.no som kanskje har gitt meg den største lærdomen av det å væra på sosiale medier, kva trender, kva vinklingar bør ein ha, målgruppetilpassning, kommunikasjon og ikkje minst arbeidsglede🤩 Det har òg vore det største springbrettet for dei kundane eg har i dag. Eg har hatt fleire samarbeid med overnatting, aktiviteter, kle og hobby, samt blitt invitert på presseturer. 😎 Eg har bygga meg opp ein følgermasse som har fulgt meg gjennom mine blogginnlegg og sosiale medier og likt det eg har lagt ut og måten eg jobbar på. For å kjøpa ei teneste av nokon handlar òg masse om personlighet og personlig relasjon. Der kjeme relasjonsledelse inn òg, som var ein del av Bacheloren. Eg ser veldig godt at det å vera personleg, akkurat passe personleg, på sosiale medier er viktig for at nokon skal veta kven dei kjøper eit produkt/teneste av🙌🏽


Eg takkar for tillitten til alle dåka som har trua på meg til å ha eit samarbeid med meg og "Eg ser deg"! Det er så varierte oppdrag og eg syns det er kjempe kjekt å jobba med dåka 😄Nokon av dei oppdraga eg har hatt til no er; SoMe manager, laga nettside, halda foredrag, halda reelskurs, laga reklamefilm, fotografera, laga innhald, laga strategiplan, ja som du ser, litt av kvar😄 Nettopp det så gjere det så kjekt😄

Itillegg syns eg det er veldig kjekt å vera aktiv på sosiale medier og få respons og tilbakemelding frå dåka dar! Uten følgerane mine hadde det ikkje vore lika kjekt å lagt ut innlegg. Du kan sjekka instagram profilen min her eller facebook sida mi her. Og husk- Eg ser deg!


Ja detta var min CV i eit eiget blogginnlegg 😁Håpar du har fått litt bakgrunnshistorie og blitt kjent med meg her. Så er du velkommen til å ta kontakt med meg dersom du er nysgjerrig på kva eg kan hjelpa deg og di bedrift med:)


hei@egserdeg.no 40833051


Helsing Eva

103 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page