Eg fek litt blod på tann etter eg skreiv forrige innlegg om Min Drømmekunde, så i dag vil eg dela litt tankar med deg om mitt drømmeoppdrag!
Gjennom min karriere har eg danna meg eit bilde av kva oppdrag eg syns er kjekke, og kva oppdrag eg tenker kunne vore fint å sikta seg inn på. Ein ting er sikkert, og det er at det omhandlar å vera med folk, laga innhald og reisa. Eg får jo nokon slike oppdrag via reisebloggen min Reiser med glede, men foreløbig ubetalte.
La meg prøva å definera mitt drømmeoppdrag for deg "Innhaldsprodusent":
Først og fremst vil eg setta meg skikkelig inn i bedrifta ved å sjekka sosiale medier, nettsider, lesa artikklar skreve om bedrifta og ha ein god prat med bedriftseigar og ansatte.
Når me har komt fram til kva eg kan hjelpa med, så lagar eg ein strategiplan for posinga på sosiale medier. Kva tema og vinklingar som kan vera lurt å fokusera på.
Så vil eg ta ein workshop med ansatte å høyra litt om deiras jobbkvardag, gleder og utfordringar. Utifrå det kan eg danna meg eit bilde om innlegg på sosiale medier og evt blogginnlegg. Etterpå går me gjennom tips og triks til vinklingar på bilder og videoar, slik at det kan passa inn i innhaldsproduksjonen.
Når detta er gjort vil eg setta igang med å laga postar til Sosiale medier; inspirerande reels, gode og interessante tekstar, bruka historiane til bedrifta i ny drakt.
Desse innlegga setter eg inn i ein posteplan med 3 måneders intervall. Nettopp for då er det enklare å gjera endringar underveis, følga med på kva som fungerar og ikkje.
Analyse er viktig for å kunna følga med på kva som fungerar og ikkje.
Gjennom denna prosessen helde eg god kontakt med bedrifta, og er det noko dei ønsker meir eller mindre av så seier dei ifrå. God kommunikasjon er nøkkelen til eit godt samarbeid, slik som eg skreiv i forrige bloggpost.
Kvart kvartal kjeme eg innom bedrifra for å ha workshop med dei andsatte, med å høyra kva som rører seg og ha ulike tema for branding, vinklingar, sosiale medier tips ol.
Siden eg er blitt så godt kjent med bedrifta og veit kor viktig trivsel er så brukar eg mine reiselivs og relasjonsledelse erfaringar og lagar ei bedriftsreisa til dei, som eg skal vera med på som reiseleder og some-ansvarleg. Eg gler meg allerede ;)
Draumar er til for å jobbast mot, detta drømmeoppdraget er gjennomførbart for min del. Eg må berre finna den rette kunden. Kanskje det er deg? :D
Meld deg gjerne på nyhetsbrevet mitt for å få varsel på eposten din når det kjeme nytt innlegg på bloggen, eller eg har noko anna å meddela deg :)
På sosiale medier deler eg meir av min jobbkvardag med tips og triks, behind the scenes, oppdraga mine osv. kikk gjerne innom instagram profilen min eg_ser_deg eller facebook sida mi Eg ser deg
Mailboksen min er alltid open: hei@egserdeg.no
Me høyres - Eva
Comments