Eg har nokon gongar fått spørsmål på jobbintervju korleis eg med reiselivsutdannelse tenker eg skal kunna bidra med noko til den spesifikke jobben. Heldigvis har eg hatt svaret klart, og eg deler det gjerne med deg i detta blogginnlegget :)
Eg tok Bachelor i Reiseliv og Relasjonsledelse på Campus Kristiania i si tid, ja det begynnar å nærma seg 20 år no ;) For å referera til spm over så har folk som eg har komt på intervju til kun sett at det står reiseliv på utdannelsen min, og hoppa over relasjonsledelse. No er det jo sånn at reiselivet er vidt, med både forståelse og innføring i reiselivet, markedsføring, serviceledelse, språk, entreprenørskap, organisasjonsledelse, data, kultur, relasjonsledelse ++. Eg meinar eg har ein brei kunnskap og erfaring innan mange fagfelt her både med utdannelse og jobbar. Eg har lært så utrulig masse som eg kan bidra med i ulike jobbar, og no min eigen business "Eg Ser Deg." Eg hjelper bedrifter til å vera synlig på nett på ulike måtar, ikkje berre i reiselivet, men andre typer bedrifter òg.
(Her er bilder av nokon av samarbeida mine)
Ein av grunnane til eg har fått jobbar/oppdrag i bedrifta mi er nettopp relasjonar og nettverk. Der har eg tatt med meg masse frå studiet, itillegg til min personlighet der eg er god på relasjonar. Gjennom Instagram profilane mine @eg_ser_deg og @reisermedglede har eg greid å bygga opp ein lojalitet og god dialog med følgerane mine. Noko som har ført til at dei har blitt mine kundar, og ja nokon har til og med blitt mine vennar! Noko eg setter stor pris på :)
Gjennom alle jobbane mine oppover åra har eg sett viktigheten av gode relasjoner som feks kundens behov; ved å ha ein god relasjon til kunden har eg kunna fått djupare forståelse av kundens behov og dermed funne ei løysning som har passa kunden best, samt styrka samarbeidet og auka tilliten til kunden. Eg har fått mange gode tilbakemeldingar frå kundar både i tidligare jobbar og i bedrifta mi "Eg ser deg", der dei har satt pris på at eg forstår behovet deiras og har kunna hjelpt dei på ein god måte som har løyst utfordringa deiras. Ved gode relasjoner så har samarbeidet mellom meg og kundane mine blitt styrka.
Folk setter pris på tett dialog og at eg er omgjengelig.
Dei aller fleste oppdrag eg har fått har vore folk som følger meg på reisebloggen min @reisermedglede, og har då bygd seg opp ein tillitt via det eg har delt der.
Er det viktig for deg med gode relasjonar i eit samarbeid?
Eg setter pris på om du sender meg ein mail eller slår på tråden dersom du kunne tenkt deg eit samarbeid med meg: hei@egserdeg.no
Me snakkast! Helsing Eva :)
Comentarios