top of page
EgSerDeg null

Min drømmekunde

Ja kven er egentlig min drømmekunde? Finns den?😅 Eg har mange flotte kunder som eg jobbar med og fått gode relasjonar med🥰 Kanskje nettopp du så leser er drømmekunden min?! 😁


Eg er med i eit program som heiter VA-akademiet med Mari Vige, der eg får god oppfølging, coaching og eit felleskap med andre grundere. I heftet Mari har sendt ut til meg er det eit kapittel så heiter; Din Drømmekunde. Eg begynte å tenka litt. Kor viktig er det at kunden er ein drømmekunde så lenge eg får oppdrag kan nokon tenka seg, men det ligger litt meir bak det syns eg😉 Alle kan ikkje vera drømmekunde, men det er viktig å reflektera over, nettopp fordi det kan hjelpa meg å tilpassa tenestene mine til deiras behov📝.


Eg har hatt mange flotte kundar eg har samarbeida med og fått oppdrag av, noko så eg setter veldig pris på! Ja faktisk nokon av dei har vore tilnærma min drømme kunde 😄 Er eg ikkje heldig? 😁



La meg prøva å definera min drømmekunde til deg :) Eg har sett ein ting så er ekstremt viktig for meg når eg jobbar med digital markedsføring og skal hjelpa kundane med oppgåver, og det er nemlig GOD KOMMUNIKASJON! Uten god kommunikasjon så er det ikkje lett å veta korleis eg skal gjera oppgåva best mulig for dei som gjere at bedriftas personlighet kjeme best mulig fram🙌🏽.


No er det jo sånn at eg skal hjelpa deg med oppgåver til dåkas bedrift, men eg skal ha kunnskapen i mitt fagfelt, som er digital markedsføring, nettsider, workshops osv📲 For meg er det så utrulig viktig at desse tenestene eg leverar er i bedrifta si ånd, og at det gjennspeglar bedriftas personleghet. Då er det viktig at eg setter meg godt inn i bedrifta, via å lesa meg opp, følga med på sosiale medier, sjå på evt nettside, men sist og ikkje minst; KOMMUNIKASJON med kunden underveis i prosjektet. Eg kan laga utkast og komma med forslag til kva eg tenker og kva som kan vera lurt utifrå mitt ståsted, men det er du som kunde så til sjuande og sist må komma med tilbakemelding på korleis du syns passar til bedrifta di🤓


nøkkelen til godt sammarbeid er kommunikasjon
nøkkelen til godt sammarbeid er kommunikasjon

Hos dei fleste kundane har eg jevnlig oppfølging/møter med jobben eg gjere nettopp slik at det skal vera god flyt og kvalitet i jobben. Det er mine drømmekunder!


Eg er ikkje opptatt av korleis min drømmekunde ser ut eller kva den eter til frukost, men nettopp korleis den er i møte med med meg, og kommunikasjonen me har saman 😊


Kanskje du kjenner deg att her? Då er du velkommen til å ta kontakt med meg, så hjelper eg deg gjerne!


No blei eg inspirert til å skriva eit innlegg om mitt drømmeoppdrag 😄 Følg med dei neste vekene så dukkar det opp eit innlegg på det òg😉


Har du spørsmål eller lurer på korleis eg kan hjelpa nettopp di bedrift til å bli meir synleg på nett, enten nettsider eller sosiale medier? Ta gjerne kontakt på mail: hei@egserdeg.no , telefon: 408 33 051 eller send meg ein melding på sosiale medier

Eg blir glad for å høyra ifrå deg 🤗


Me høyres - Eva


min drømmekunde

37 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle

Comments


bottom of page